Undeland Gard – åkervandring

Juli-sept
Frå 350,- per person

Undeland Gard – åkervandring

“Undeland Gard dyrkar i regnet, mellom fjord og fjell – slik at også vestlendingane kan eta kortreist og sunt”.

Undeland Gard ligg med utsyn over fagre Ulvik, ei bygd med lange tradisjonar for hagebruk og gartnarfag. Då passar det seg jo at dei unge gardbrukarane Katinka Kilian og Grzegorz Kramar har valgt å satsa litt annleis her i Ulvik. Sidan 2015 har dei dyrka eit mangfald av økologiske grønsaker, urter og blomar – i regnvêret, på bakkane, mellom fjord og fjell – i ein region der landbruket elles er prega av beite og fruktdyrking. I 2017 starta dei opp Ulvik Andelslandbruk for å styrke den pedagogiske og sosiale delen av verksemda. I 2022 er andelslandbruket eitt av vestlandets største, og forsørgjer over 80 hushald og fleire restaurantar lokalt og i Bergen med økologisk “hardangergrønt” og kortreiste blomar.

Garden ligg omlag 2 kilometer frå Ulvik sentrum og kan lett nås til fots. Frå garden går det mange merka turveger, mellom anna postvegen mot Granvin og topptur til Kvasshovden.

Frå juli månad og ut september inviterer vi til guidet åkervandring på garden. Her kan de nyte utsynet over fjord og fjell – mellom fleire hundre ulike vekstar! De får hauste, smake og verte betre kjend med dyrkinga og bruken av dei ulike vekstane som trivst her i Vest – til dømes bondebønne, den japanske bladmynta shiso, eller den gøyale polkabeta! Du vil lære kva for blomar du trygt kan pynte maten med, og det vert ei omvising i den unike snittblomehagen. Åkervandringane på Undeland er ei roleg aktivitet tilpassa alle aldersgrupper. For dei yngste er det god plass til å springe og helse på kattar og fjørfe. Det vert servert noko godt å drikke og du får sjølvsagt plukke litt knask i frå åkeren. Vi ber elles deltakarane kle seg etter vestlandsvêret og ha på gode sko/ støvlar.

Kapasitet og tid

Bli med på åkervandring kvar laurdag klokka 10.30-12.00 (juli-september)

Praktisk informasjon

Kle deg etter vestlandsvêret og ha på gode sko/støvlar.

Prisar

Vaksne kr 350,-. Born frå 3 år kr 170,-

Parkering

Garden ligg omlag 2 kilometer frå Ulvik sentrum og kan lett nås til fots, men det er og høve å parkera bil. Følg Rv572 forbi bensinstasjonen og ta av opp til venstre etter ca. 1,5km.

Passar for

Alle. Åkervandringane på Undeland er ein roleg aktivitet tilpassa alle aldersgrupper. For dei yngste er det god plass til å springe og helse på kattar og fjørfe.

Romma

Romma våre gir deg det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Hardanger. Me har mange ulike typar rom, alt frå enklare standardrom til større familierom, oppussa rom med vakker fjordutsikt og suitar.

Er du i Hardanger for fyrste gong, anbefaler me sjølvsagt våre rom med balkong og fjordutsikt. Her kan du verkjeleg ta inn omgjevnadane.

Nb! Om du har med deg din firbeinte ven, må du oppgje dette ved bestilling då me har eit svært begrensa antal rom der ein kan ha hund med seg. Ver venleg å ta direkte kontakt med oss.

Opplev Noreg på sitt vakraste